Og så trafikkmeldingane:
Statens Vegvesen meldar at bilistar som ferdast langs Riksveg 3 gjennom Østerdalen bør visa stor aktsemd i perioden 3. August til langt inn i overskueleg framtid, då Østerdalen er så aldeles ufatteleg gudsjammerleg keisam og lang å køyra igjennom at det er frå middels til stor fare for å kjeda seg spent i hel, eventuelt å sovna for deretter å havne i Glomma. I slike tilfelle anbefales det frå Vegvesenet å setja seg på taket av køyretyet og fløyta heile stasen heim til Fredrikstad. På dette viset kan også reisa verta noko meir uthaldeleg.
Nå litt musikk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar